God morgen Norge!
Det er så mykje ein er redd for
Som dette med å ta heisa i skibakken for eksempel
Det er så mykje som kan gå gale
Å stå i kø er ok heilt til ein er framme ved ankeret – då gjelder det
Må stå aleine – må ha kontroll – ikkje dette av – ikkje dette av
Heile kroppen er i spenn og tårene sit på kanten
Må klare det – må klare det….
Du klarar det, å kome opp trekket,
og du klarar å kome deg av
Så mykje krefter er satt i gang for å fullføre i trekket – at skjelven kjem og tårene renn
Dette du ikkje har kontroll på, som du har sett for deg i scener fleire dagar i forvegen
Så mykje energiforbruk, og no står du der, og har klart fyrste delen
Klart tårene berre renn – du har klart fyrste delen
Så står du der då, i bakken, og skal ned igjen
Korleis skal du klare det
Skia er glatte og bakken er bratt og lang
Du innhentar deg og tenkjer at det må stå til
Som ein nyfødt kalv, og plogen klarar du
Du plogar til krampa tek deg, så litt etter litt slepp det litt – og gamle kunstar trår sakte til
Frå side til side, så køyrer du faktisk slalåm etter over tretti års pause
Neste tur i heisa går betre, dog med hjelp frå gode hjelparar som står der og hjelper
Det er trygt
Du har sprengt ei barriere
Denne meistringsfølelsen
Å gjere noko som har vore utenkjeleg i så mange år
Du kan viss du vil
Du klarar det, og du veit ikkje om det er sant, før du har gitt det ein sjanse
Nei, det er du ferdig med, for lenge sidan – stå på ski klarar du ikkje lengre
Og forresten så tålar ikkje kroppen det…
Dette med kroppen
Ja la gå – du blir utmatta og sliten i etterkant
Det er det monge som kan bli, som er heilt friske også
Du veit at det ikkje er bra for deg, kanskje, pga rygg og andre ting
Men, belastningane går på lår og ikkje så mykje på andre ting, eller…
anyway….
Uthaldenheit og teste deg sjølv litt
Ikkje lage så mange unnskyldningar for å ikkje oppleve
Du veit at du må betale for det i etterkant
Smertene blir verre ei periode, og detter du i bakken, så er det same risiko som alle andre
Du er verken sprek, tøff eller modig på nokon måte –
men det er det med å gjere noko i lag
Kjenne på at du er med om noko – lage det til ei felles interesse –
uansett kor monge eller fåe turar som blir køyrt, så gjer ein noko saman
Det er glede
(Etter over tredve år utan å stå på slalåmski – vart det ei utfordring for tre år sidan, å ta opp igjen akkurat den kunsten eg meistra så godt og var så glad i, som ungdom –
og det var for tre år sidan eg grein mine modigste tårer
og skalv som eit aspelauv etter fyrste turen med skitrekket –
og same følelsen får eg for kvar sesong –
også denne sesongstarten –
men det går seg til og meistringsfølelsen er betre og betre – og også gleda)
Dette med å kjempe sine kampar
Møte utfordringar – det blir gjort kvar einaste dag
Men det finnes større og mindre utfordringar – og det å velge dei kampane man vil lære å meistre litt ekstra, og dei man ikkje vil bruke energi på
For det kostar, kvar gong, men det er verdt det
Det er fali det…..
Nei, eit liv har du fått utdelt
Ikkje alt kan være “fali”…
Dagen i dag har aldri vore her før, og kjem aldri tilbake når den senkar seg mot natta
Det er ein risiko å være her på jorda, frå ein er født og livet ut
Ingenting er bestemt på forhånd, det skjer
DAGENS BLOGGER
i skrivende stund:
Plass nr. 37 = Heidisverden
Plass nr. 58 = Celinas
Plass nr. 87 = Ragnhildmarie
Tilbakeblikk til same dato åra før:
6. januar 2016 – ikke noe innlegg
6. januar 2017 – eit vingeslag – mine dikt
1 2 3 på det fjerde… vi henter hjem lille hunden Leia – jeg vinner osv…
6. januar 2018 – ønske om vinter går i oppfyllelse
6. januar 2020 – mestringsfølelse – ut og gå med hunden Leia
6. januar 2021 – fyre med ved – kroppen gråter innvendig
6. januar 2023 – Allergi – mine dikt
6. januar 2024 – utsiden ser så bra ut – mine dikt
Så rart, å skulle ta med januar 2024, i tilbakeblikket –
då eg synes det ikkje er så lenge sidan det akkurat var januar 2024
Men, no er det 2025!
Stå deg vel inn i den nye dagen
Jeg er ekspert på å krisemaksimere når jeg ikke har kontrollen, enda jeg vet at det vil gå bra
Når det gjelder skiheis og bratte bakker så er det noe jeg aldri kommer til å ta, så det er en ting mindre å bekymre seg for
Ønsker deg en fin mandag, klems 
hihihi da er den saken grei! Jeg liker ski om bakkene ikke er for bratte
Lenge siden jeg har vært i slalåmbakken! Må være rundt førti år siden, tror jeg…..
En fin dag til deg, Mette!
Ja – rart hva som sitter i kroppen
Man glemmer ikke gamle kunster – blir bare mer redd og forsiktig.
herlige bilder ,og bra for deg att du tørr,jeg har ikke stått på ski på over 40 år,har egentlig ikke ski heller,men det ser gøy ut da
Det er gøy! Med forsiktighet