tankespinn inn i dagen…sjølvbruning og lavtrykk..

 

God morgen!

Det er litt lettare i dag…
Det er det som slår meg når eg står opp ca 07.00…
Det er eit glimt av noko blått.. ei blå stripe gjennom skylaget
Det lyser frå skyer – det må være sola som gjer det så gyllent vakkert inn i morgonen

Sola ja… det er ikkje mykje vi har sett til den på disse kantar
Det er mest vatn i magasina vi har fått
Slik at straumen verte billigare enn billigast…..
Nedbør
Det har vore mykje av den ja
Så graset er grønt og fargane – ja det bugnar av vakre fargar ute
Men ein treng vel ikkje alt det regnet for det vel?
Det bugnar vel utan regn i fleire veker?

Det er mykje ein kan site og fundere på når ein slepp å hive på seg shortsen og springe ut i varmen og nyte sommardagen
Det tek litt lengre tid når ein må ta på oljehyre… i allefall regnkle og paraply
Litt meir tungvint
Eller er det det?

Jau… springe ut i ein shorts og ei t-shirt og sette seg i solveggen og steike seg litt
Ete frukosten ute der flogene regjerar… male hus og alt anna som skal malast før hausten slår til… leike i hagen og få sand mellom tærne – klippe kantar og ta inn vakre nysprungne roser – dusje vekk saltvatn og smøre solbrente kroppar…
Ein slepp litt det styret
Og blomster – det tek ein inn – med vatn rennande frå kvar ein blome…
Og kven har vel ikkje høyrt om sjølvbruningskrem?

Nei… ein slepp renne vekk akkurat
Og solkremen, ja den ligg der – trur ikkje det har vorte investert nytt i år heller

Det gylne som var til morgonen har sklidd bort i gråare nyansar
Men, det er tross alt opplett…

Å fylgje med på værkartet er ikkje det mest oppløftande for oss vestlendingar for tida, men det er no spanande å fylgje med om det kjem ein L eller ein H susande vår vei  🤪
Hjemme Borte Uavgjort

Kva heitebølge?

Det er midten på juli i dag – 15.  juli for å være heilt korrekt

 

 

Korleis var det denne dato åra før?

Klikk på linkene under og du får svar 😁

 

15. juli 2015 – Ditt indre byggverk – og må berre sei at dagen før gjekk eg Besseggen!

15. juli 2016 – Gøy på landet

15. juli 2017 – Ro

15. juli 2018 – Testing av telt 😀

15. juli 2018 – Herr og fru Lunde

15. juli 2019 – Trommestikker

15. juli 2020 – Angrepet av hund og ..

15. juli 2021 – Skrekk

15. juli 2021 – Like

 

 

DAGENS BLOGGER

Plass nr. 40 = ELISEAMANDA
Plass nr. 63 =  HEIDISVERDEN
Plass nr. 88 = NORAVINJOR

 

 

Sommer kommer, sommer kommer
Sol og regn og latter og sang
Sol og regn og latter – ha – ha – ha –
latter, sol og sang

 

–  ukjent –

 

 

💛 Stå deg vel inn i den nye dagen 💛

 

 

I skrivende stund er det 9,5 grader ute
Berre til litt slik informasjon om du treng nedkjøling…

 

 

#tankespinninnidagen #sommer

8 kommentarer

    1. Så fint skrevet! 🙂 Dere har 9, vi har 39 grader. Ganske hett her nå. Og skremmende med brann oppe i fjellene her i dag. Helikopter til og fra for å kaste på vannbomber. Håper de får slukket før natta.

    2. Da har jeg fått lest meg opp litt hos deg også. Takk for link. 😉
      Håper du er bra av forkjølelsen igjen.
      Mange flotte innlegg og bilder 🥰
      Ønsker deg en god dag. ❤️

      1. Jeg er så heldig at jeg ikke har blitt forkjølet 🙂 Det var de andre i husstanden som blei ramma 😀 I allefall har jeg ikke fått noe hittil 😀 Tusen takk! Ønsker deg gode dager, Heidi – og god sommer videre 🙂 klem

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg