I tyngste laget.

 

 

 

I TYNGSTE LAGET

 

Det blir stundom i tyngste laget.

Ein telefon, ein beskjed, inga gledesmelding.

Då blir det i tyngste laget.

Ord blir fattige.

Kva skal ein sei?

 

At slik er det?

At no var det den sin tur?

At det var no venta?

At ein var no forberedt?

Eg sa det, at ein var no forberedt.

 

Men det nådde ikkje fram.

Ingen, nei, absolutt ingen er forberedt når noko skjer.

Då er det i tyngste laget å seie farvel.

Og skulle ha sagt farvel, både før og etter.

Det er i tyngste laget å vite; aldri meir.

 

mette j kvalsvik
 juli 2013

 

 

 

 

 

 

 

 

#ityngstelaget #dikt #minedikt #blogg #ordblirfattige
 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg