Å være….

 

 

 

Å VÆRE MEDMENNESKE

 

 

 

Bryr du deg?

Du veit det har skjedd noko.

Du høyrer folk snakke.

 

Kanskje kjenner du ikkje vedkomande så godt,

men du veit kven det er.

Du høyrer at noko har skjedd,

men latar som ingenting.

 

Kva har vel det med deg å gjære?

Det snakkast, og folk veit.

Du veit, men nærmar deg ikkje.

 

Men det er lov, å nærme seg.

Det er ikkje så mykje som skal til.

Eit smil, eit klapp på skuldra, ein klem.

Eit blikk som viser at du ser.

 

Det varmar å høyre at nokon tenkjer på deg.

Ikkje tru at du pressar deg på, at du går over streken.

Blir du avvist har du vist at du allikevel bryr deg.

Gode ord varmar.

 

Å oversjå, late som om alt er ok, er ikkje greit.

Vær eit medmenneske.

Bry deg.

 

Nokon trenger ditt smil for å klare dagen.

Nokon treng at du ser.

Ikkje vær redd for å gi av deg sjølv, om det er kjente eller ukjente.

 

Vær eit medmenneske.

Ikkje lat som om du ikkje veit.

Det sårar, når du ikkje bryr deg.

Gi litt av deg sjølv, det betyr meir enn du anar.

 

mette josteinsdatter kvalsvik
oktober 2014

 

 

 

 

 

 

#minedikt #åvære #bryrdudeg #godeordvarmar
 

14 kommentarer

Siste innlegg