klage

 

 

 

FIBROMYALGI, REVMATISK I DET HEILE…………. OG MYKJE ANNA I SAME….

 

Når smerta tek grep om deg eller du tek grep om smerta…………….
Ja…….
Det er det, kva man tillet,  rett og slett.
Og er det enkelt?
At det BERRE er å skyfle under teppet, kasta bak skuldra – vekk med det?
Det er faktisk ikkje så enkelt å sjå at det er NOKO som feilar…..
Så….
Vekk med det.
Bit tenna saman og ta grep!

Ja, for smertestillande finnes det nok av.
Er det ikkje berre å ta seg litt frampå med en “pain-killer” då….
Og stå på?

Og det er no slik då, du som er så sprek, kan ikkje feile deg mykje, der du spring avgårde……
Nei, springe avgårde kan du………..
Men å stille opp i arbeidslivet………
Nei, det klarar du ikkje nei.

Forstår du at det er forskjel på ein dag på jobben og ein dag med trening?
Ein dag med trening der du kan sette kroppen i kvilemodus støtt og stadigt, og ta det i ditt eige tempo.
Ein dag på jobben er vel meir ka he du ka dreg du……..
Og det tek på alle og ein kvar til tider.
Og er det då noko som feiler, av det eine eller det andre, usynlege eller ikkje, så kostar det meir enn nokon anar.
Og det er no slik at diagnoser gir forskjellige plager for kvar enkelt.
Om eg og du har same diagnosa, så har vi allikevel ikkje same plagene, og mestringa er annaleis for kvar enkelt.

Men, det er no berre å ta grep.
Ta ei usynleg fatle rundt arma, eit usynleg plaster på haude, ein stav eller ei krykkje som ingen ser, utan om den som bærer den.
Og stå på!

Smerta ein bærer med seg, er det ingen som ser.
Jau, sjølvsagt om du haltar litt………
Eller går litt rart ein dag……
Det beste er noko synleg……
Då kan ein forstå at det er noko som feilar…..

Mange slit med å takle stress…….
Når stresset tek over er det over og ut med systemet i kroppen.
Mange har møtt veggen.
Og det er no slik, at den som ikkje har vore DER veit faktisk ikkje kva det er snakk om.
For i nokre høve er det snakk om reint HELVETE.
Men det oppfattar ikkje du.
Det er slik at ein nesten må ha erfart noko innafor dette for å i det heile tatt forstå….
Og hverken eg eller du ynskjer at nokon skal bli sjuke for å få ei erfaring.
 

Om ein kunne akseptere at slik er det og ikkje døme.
Ikkje snakke bak ryggen.


Rope HURRA for det som blir mestret, og være med å lyfte opp.
Ingen i heile verda treng å bli tråkket ned.
Ingen i heile verda treng tyngre ryggsekk enn nødvendig.
Så ikkje hån og gjer folk usikre.
Prøv å godta kvar enkelt som den person.


EG har vore der, og ikkje forstått.
I dag er eg ein av dei som står på andre sida,  med haude i fatle og ein elendig kropp.
Ryggsekken er tung men eg prøver å lette kvar ein dag.
Mestringsfølelsen, så viktig så viktig!

Det blir aldri snakka nok om desse usynlege sjukdomane/ diagnosene, som så mange har.
Det kostar å lyfte haude og kome seg ut døra.
Om du aksepterar at det er slik for nokon, så blir det så mykje bedre.
For det er no ikkje DU som har smerta.
Det er ikkje DU som har diagnosene.
Så kva er da problemet?

mk
 

 

 

 

#problem #diagnoser #mestring

16 kommentarer

Siste innlegg