kortreist

Det blei ingen
7 topps tur på
Sandsøya i dag………….

Det er ikkje alltid det blir slik ein tenkjer og har planlagt, sjølv om eg eigentleg trippa etter å være med Martha og Alf Holkestad på båten ut, og traske avgårde dei 7 flotte toppane 🙂

Men men……. helsa fyrst – og den fantastiske dagen gjekk ikkje vekk
i ingenting heller.
Det var avtalt tur til Runde i lag med Ingeline 🙂

Og hjelpe meg ka folk som har funne vegen til fjells hittil i påska.
Eg var heldig og fekk parkere hos Knut Asle og Inguna på 
Goksøyr camping 😀
Var no fullt over alt !
Og Inguna vil være med til Sandsøya og gå dei 7 toppane ein annan gong – så då gjer me det 😀

Ein fantastisk dag i eit flott fjell.
Den gode samtalen – gå slik kroppen vil – nyte medbrakt mat og frukt og for ikkje å gløyme, sjokolade 🙂
Og hunden Leia var happy for tur.

Og det beste nesten, for min del, var når vi kom til Lundeura og lunden berre kom fykande inn.
Tenke seg, det var berre meg og Ingeline der nede – og lunden.
Han kom ikkje heilt opp…. 
Men longt nok opp til at Leia stod like forgapt som matmora, og såg på den vakre fuglen.
Ingeline syntes også det var morosamt å sjå krabaten inn for landing.


Siteunderlaget som tantejente Tina laga til meg til jula 2016 🙂


Sjå prinsessa!


I farta!!


Og der landa en lunde  😀

Takk for turen Ingeline !
So fekk eg no klipt i 10 på topp kortet også .

Trur vi fekk farge endatil 😀
 

 

 

 

 

#runde #lunde #fjelltur #sologblåhimmel #påske #langfredag #foto #fotografering #bilder #natur #venninner #utpåturaldrisur #mestring #lundeura #10påtopp

14 kommentarer

Siste innlegg