vilje


MAN VIL

Ja, man vil, og har vilje.

Det er en gong slik at det ikkje alltid er like greit med helsa vår.
Slik er det med den saken.
Men vilja er der.
Og den gjer at ein klarar meir.

Berre tankar……….

Men morgonturen vart til i det vi går over
gjerdet mot dalen.
Stiv rygg og tungt oppover.

Ser at det er bàrt mot Okla og bestemmer der og da at veien vidare går oppover, sjølv om det herkar bak.
Staheit kallast det kanskje?
Og når ein ser at nokon spring bakken opp mot Okla, langt der oppe….
Ja då er det berre å sete inn eit ekstra gir og tråkke i veg.

På nye sko, kjøpt i fjor og innvia i dag.
Jepp. 
Gode sko må man ha.

Med godt grep 🙂


Ja, då går me til høgre her.
Ein fin tur og sola varmar.


Det kjennast godt ut når ein har komt opp.
Bestemmelsen var no at vi skulle gå tilbake same vegen, pga ryggen………..
Men, det er no ein gong slik at vilja og haudet vinn ganske ofte og sunn fornuft tapar…..


Eg vil gå ned fra Okla til Golleneset fyr.
Og blir det vanskeleg så får eg ake meg.
Inspirasjonen i dag var personen som gjekk framom meg.


Og mens selfiane kjem så svevar ei ørn like i nedkant her, og eg klarar ikkje snu kameraet på mobilen til annen modus før ørna er borte vekk.
Typisk – når ein skal være så opptatt av sjølfier 🙂

Ein flokk med sau var nysgjerrige på passe avstand.

Og nedover det går.
I dag er det ikkje dagen for nedoverbakkar og egentlig heller ikkje for oppoverbakkar….
men…
“eg klarar sjøl”
har vore mitt svar til så mykje igjennom tidene, visst nok….
og akkurat no i det bratte – og den stive ryggen…
jaja….


Tok det heilt med ro og kom meg ned både eg og hunden.

Og for en nydeleg dag då.
Reine “morgenstund har gull i munn”

Golleneset fyr

Og i dag er eg i mitt ess med å utfordre kroppen og haudet, visst nok………..


Jauda, etter to forsøk der eg vil GÅ over denne planken, og trekkjer meg kvar gong, bestemmer eg meg for å krype over.
Og tenkjer med meg sjølv at eg håpar ingen kjem til fyret AKKURAT NO.
Eg kom meg over.

Merkelig at ein slik planke som ikkje er lang heller, skal trigge høgdeskrekken, når eg nettopp har gått NED

fra fjellet der….

Ei lita runde i steinane og eg forstår at no må eg faktisk gje meg……….
Å tøye grensene for mykje er heller ikkje lurt.
Og å kravle rundt på glatte steinar var ikkje tingen i dag.

Her er kaldt i Januar,
snø og frost i Februar.
Mars er heller ikkje mild,
men det ljosnar i April.

Mai er tida da me sår,
Juni alt i blommar står,
Juli høy i hus me fær,
i August me kornet skjær.

I September; bær og blom,
fagrest stod då hausten kom,
i Oktober plogen gjeng,
lauvet fell på mark og eng.

Er November myk og grå,
me desember ventar på,
Då me helga ringer inn,
det vert ljos i alle sinn.


#vilje #mestring #fjelltur #okla #gollenesetfyr #foto #fotografering #bilder #selfie #natur #hobby #shetlandsheepdog #hererkaldtijanuar #mendetljosnariapril #mestring #revmatisk 

16 kommentarer

Siste innlegg