mine dikt



Rutiner.
Det daglege – viktige.
Må-tingen før dagen kan starte.
Nesten som innstilt på tid, kvar ein dag.
Ferie, bortetid og full kollaps i rutiner.

Ikkje pokker om det skjer.
Totalt stopp.
Heilt forstoppa.
Rett og slett fullstappa.

Rutiner.
Noko som har komt med alderen?
Noko eg ikkje var kjent med før no?
Eg har blitt slik eg ikkje skulle bli!
Full av rutiner.

Ærligtalt!
Kva skjer då?
Når man passerar femti?
Nei, det kjem snikande over tid.
Og brått sit du der og ikkje får gjort ein drit.

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
13.08.19

 

#rutiner #forstoppa #snikande #blogg #fredag #minedikt #dikt #poesi #fullstappa
 

18 kommentarer

Siste innlegg