Eg er stolt av å være di datter
 Vore stolt heile livet utan å vite det eigentleg
 Utan å vise det ordentleg
 Utan å seie det
 Eg er stolt og eg elskar deg
 Mora mi
 Mamma
Som alltid har vore der og fortsatt er der
 Som eg alltid har teke forgitt
 Ja eg har nok det; teke mi mor forgitt
 Og tenkt at ho alltid kjem til å være her
 Ho er der ho
 Men det fins ikkje ein einaste garanti for det
 Så eg tek deg ikkje for gitt lenger
 Eg ser deg
 Og eg er stolt
Du fantastiske menneske som har fostra meg og gitt meg alt,
 så eg kunne vekse opp og gå inn i denne verda, med eit klart nok syn
 Eg ser meg i deg og eg er på veg i dine fotspor
 Berre på ein annan måte – men ganske likt
 Vi eldast
 Og eg har  nettopp oppdaga at eg går same vegen
 Eg som har trudd du alltid kjem til å være her –
 har sjølv oppdaga at heller ikkje eg kjem til å være her for alltid –
 men enno er vi her
 Mamma, eg er stolt – glad i – og elskar deg
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
#mamma #minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord
 
 
























































