pusten – full kontroll

 

 

Av og til stoppar pusten langt nede i bringa
Den kjem ikkje vidare, og du føler du mistar kontrollen
Slik som nĂĄr du sit og snakkar over bordet, og pusten heng igjen
Når du fortel korleis du har det, og vil være sterk
Pusten heng igjen, og du blir sĂĄ sĂĄrbar og hjelpelaus
Naken

Det at nokon ser deg, og lyttar til det du fortel, hjelper pĂĄ
Du samlar fokuset og pusten sig til igjen, som den skal
Hyperventilering og panikk held seg pĂĄ avstand
Det er godt, for det vil du ikkje kjenne pĂĄ

Om du kan, bestemmer du det, at pusten skal du klare
Klompen er ikkje sĂĄ stor lenger, eine og ĂĄleine fordi ĂĄpenheita sit rundt bordet
Hadde det ikkje vore for den, hadde alt knytt seg til slutt
At nokon lyttar, og du lyttar tilbake, gjer sĂĄ godt,
og det varmar rundt i bringa

Knuten slakkar opp etter kvart, og det gjer ikkje sĂĄ vondt lenger
Ikkje føler du deg naken lenger heller
Gjensidig ĂĄpenheit og tiltru fĂĄr deg tilbake pĂĄ sporet
Du vil ha full kontroll, og klarar det

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
11. januar 2025

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

8 kommentarer

Siste innlegg