Du suser ned vegen, bak den andre, som er langt der framme
Bremse, svinge, sjå rett fram, og halde balansen
Ikkje for fort – då grip panikken tak
Obs ei hole midt i vegen, og du treff sjølvsagt midt i den
Phu det gjekk bra!
Så kjem du brått på tanken då du lærte å sykle
Kor vanskeleg det var å halde balansen på to hjul
På to hjul!
Det er då det går opp for deg kva du held på med
Du syklar i full fart på to hjul!
Og du meistrar det!
Og i det du tenkjer det, byrjar du skjelve
Stivnar i kroppen, høgt der over vegen, på to hjul
Fokuser no
Ikkje miste grepet
Halde godt fast i styret og bremse sakte ned
Puste med magen
Du kan fortsatt sykle, men du er ikkje den meisteren du ein gong var
Du syklar med forsiktigheit
Og, det viktigaste er at du fortsatt klarar det, og har balansen
På to hjul!
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
12. mai 2025
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt
Er elendig på sykkel eg:-)
Ja det er ikkje enkelt å holde balansen etter kvart som ein blir eldre…. eg brukte lang tid på å bli såpass trygg som eg er no 🙂