sakn

 

 

 

uansett kvar du er, kjenner du på ei indre uro
fordi du ikkje er heime
fordi du ikkje er innan for rekkevidde
du er for langt vekk
akkurat der og då
og du kjenner på eit stort sakn
saknet gjer at du også føler glede
glede over at du kan sakne
noko av det mest dyrebare du har
og du er så langt vekk
akkurat der og då

takknemligheita sig på
fordi det går bra
akkurat no
ei god periode
det er merkeleg kor det kan lage seg til
i øyeblikket
og telefonsamtalen beroligar
om ikkje lenge er du heime igjen
du kjenner på glede og sakn
stoltheit
og snart kan du gi ein varm klem

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
juli 2025

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

5 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg