mørket

 

 

 

 

Før det lysnar, er det mørkt
Mørket ligg rundt som eit svart teppe
Når du tenner eit lys, dansar skyggane i mørket
Lyset dansar ogsĂĄ, sin flammedans
Før det lysnar, er det mørkt
SĂĄ sig lyset inn, sakte

Det har grydd av dag, og mørket har vorte til gråtonar
Og brĂĄtt er det lyst
Du sit i lyset og ser pĂĄ flammen
Den er stille
Dansar ikkje lenger
Lyset har teke over

FrĂĄ utsida har det lysna sakte av dag
Det letnar i sinnet ditt ogsĂĄ
Du bles ut lyset og tek ein sup kaffe
Dagen har starta
Men, tenker du med deg sjølv, i det du bles ut lyset:
mørket har komt for å bli ei stund

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
september 2025

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg