Du tek deg i å stire ut i lufta
Det var ingenting å stire på, og i eit augneblink har du vore vekk
Du ristar litt på hodet og hentar deg inn
Kvar var tankane i dei sekunda det varte
Du anar ikkje
Ikkje var du tankefull heller
Du berre kvapp til litt og var tilbake i nuet
Ikkje at det var ei pause heller
For du gjorde ikkje noko i utgangspunktet
Du berre tok deg i å stire ut i lufta, og i nåkre sekund var du heilt ein annan stad
Kor hen, vitast ikkje
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
6. oktober 2026
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt
2 kommentarer




Jeg har også sånne perioder, hvor jeg detter ut litt liksom 😀
Ja det er slikt som skjer 😀