Det slo meg brått at du ikkje veit noko om meg
Du veit ingenting
Du har berre laga deg tankar ut i frå kva andre har sagt
Og kva har andre sagt
Kva veit dei
Eg ser på deg at du ikkje har gode tankar
og eg lurar på kva eg har gjort
Kjenner du deg igjen ?
Føler du at noko skurrar
At nokon du kjenner så vidt, unngår deg eller ser ein annan veg
Eller ser medlidande på deg
Eller med hat i blikket
Og du tenkjer; kva har eg gjort for å fortjene eit slikt blikk?
Det er berre slik at mengda er slik;
dømande
Hoverar og ser ned på deg om du ikkje er som forventa
Og då er det dette då; kva er som forventa?
Er det eg eller du som er som forventa?
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
#somforventa #minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord #egellerdu #blikk
6 kommentarer
gode ord for slik er det for mange ja ,og hva hvet dei ? mange ganger kan en lure
Ikke sant… 🙂
Kloke og sanne ord – for hva vet egentlig andre om det som er inni meg? Klemmer <3
Ikke sant <3 klem
Det var kjempefine ord du har skrevet ❤😊
Ønsker deg en kjempefin tirsdag ❤😊
Purr, purr, og klem fra Toril og kattene
Tusen takk, Toril 🙂 lag deg en fin ny dag 🙂