for seint…

 

Eg tenkjer, av og til,
at vi må vise gleda over dei som betyr noko for oss,
enda meir
Ikkje den dagen det er for seint…
For då er det for seint då..
og den det gjeld – den personen høyrer ikkje lenger
Det er rart det – at det er i ettertida dei gode orda kjem

 

Det å snakke om ein person som ikkje ser eller høyrer..
er det enklare då
Enn å seie det direkte – sjå i augene og seie kva personen betyr for ein
Det er kanskje det
Lettare å fortelje

 

Tenkje tilbake på gode historiar, ein god person er borte
Det er godt å høyre slikt medan ein er her i denne verda
Synes ikkje du også det?
Godt å få gode ord og ei merksemd
At du veit at du betyr noko
Etter at alt er slutt veit du ikkje meir…
eller..

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#minedikt #tankerblirtilord #etdiktomdagen #sjåiaugene

12 kommentarer

Siste innlegg