Ballkjolar
vakre
med paljettar, glitter og stas
Raud, blå, lyseblå, svart og gul
Kanskje var der kvit også
Om ikkje; blondegardiner gjorde susen
Vakre blondegardiner ein ikkje ser lenger
Vi sleit kanskje ut, og øydela
Leiken var så viktig
Forandre personlegheit når kjole kom på
Fantasi
Leik
Draum
Raud, blå, lyseblå, svart eller gul
Kanskje kvit
Stå brud – det var alltid med i leiken
Fortida –
som ei prinsesse på ball
Blondeslør frå ei gardin på stong
Drøyme seg vekk i taft og fløyel,
kanskje ein hatt eller diadem
Raud, blå, lyseblå, svart eller gul
Kanskje kvit…
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
#minedikt #tankerblirtilord #etdiktomdagen
4 kommentarer




Herlige bilder 🙂 Og du likner fremdeles 🙂
😀 Tusen takk
Herlig – så skjønne bilder – og masse minner i ordene… <3
😊