livets segl

 

delt på blogg fyrste gongen 18. april 2017 –
og det greip meg –
tonkane eg har delt, tilbake i tid,
og eg vil dele diktet igjen, med litt redigering

 

 

 

LIVETS SEGL

 

Når tonkane får vingar og flyr avstad
Bakover i tida, då borna var små
Det var aldri i mine tonkar at eg einsleg mor ein dag skulle verte

Det kan være knalltøft å være mor, og tøffe år har gått forbi
Det var nok stunder mine tonkar var innom;  å være mor nok ikkje passa meg
Men, eg har kjempa mine kampar, og dei små har vokst seg til

Livets segl har hatt større og mindre rifter og hull
Rifter som har gått på kryss og tvers,
men dei er alle bøtt saman med mine sting
Stormen har roa seg, og seglet blafrar vagt
Vi har klart det, gutane og eg

Dei er mine stoltheiter
Dei er mine hjerter
Og uansett kampar og stormar, har vi stått han av
Kven har sagt at det å få barn, er enkelt?
Å halde båten på rett kurs med eit segl full av rifter, det skal nåke til

 

mettekvalsvik

(27.10.16)

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg