det er like før
telefonen ringer…
kva var det no igjen du skulle seie
håpar du hugsar å seie dèt då
det viktigaste
eller er det bagatellar
skal du legge på
var det dumt å ringe
Hallo
ja… nei – sikkert berre bagatellar ditte her…
du forstår at….
og du veit jo…
ja, ok – skal gjere det
ja ikkje sant
ja sånn er det…
tusen takk då
god helg
ja hade…hei…
og du sit igjen med ein litt betre følelse,
litt…
og litt tryggare
det hjelper å ta den telefonen,
sjølv om du føler at du berre er til bryderi
tryggheita sit i andre enden
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
27. april 2024
#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen
2 kommentarer




<3<3<3
😊