alle husa – repost

 

 

Bygda der eg vaks opp
Tryggheita ute i havgapet
Skulevegen i all slags vèr
Lite bilar – det skal seiast
Vi lĂĄg i vegkanten og noterte bilnummer!
Grusveg med masse holer – klinkekulene trilla fint

Ei grind inn pĂĄ Nerland som mĂĄtte ĂĄpnast sommarstid
Eg hugsar den – grinda
Eg hugsar den lange vegen, heimafrĂĄ til Mulevika
Den varte ei evigheit den – nesten som ei dagsreise…
Turen til Golleneset fyr, der “jøtten” var skummel – nokon hadde drukna der
Bygda der eg vaks opp
No er alt forandra

Eg er vaksen og frĂĄflytta
Bygda er vakker der den ligg ute i havgapet
Men det er liksom ikkje mi bygd lenger
Eg har forlete den
Minna ligg der igjen
I kvart fotspor som er satt der – frå barnsbein til vaksen alder
Alle stiar
All latter, sorg og tĂĄrer
Det ligg igjen der ute blant bølgene
Noko har fulgt med – tryggheit og stoltheit

Eg kjem frå kvalsvika – ei bygd ute i havet
Ingen kjenner til den, men den ligg der…
Ein gong hadde den postnummer 6099 Kvalsvikøy
Og postboksa var kanskje 57 om eg hugsar rett
Den trygge tida dĂĄ vi ikkje visste sĂĄ mykje om omverda
Vi visste knappast at det fantes folk andre stadar
Så ille var det nok ikkje – men for eit barnesinn var bygda alt
Vakker ligg den der – sårbar mot værets herjingar
Men folket – så fint eit folk
Og eg visste kven alle var
Alle husa,
bygda der eg vaks opp

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
første gang delt 7. mars 2023

 

 


#repostminedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord #minedikt

2 kommentarer

    1. Det er vakkert Mette 🙂 Jeg kjenner hvordan du har det 🙂 Det er egentlig barndommens rike man beskriver. Jeg har det helt likt, enda det ikke var halvparten sĂĄ flott og fint fysisk. Men minnene av sykler til skolen, alle kjente alle, liljekonvall i grøftekanter og et bittelite skogsfelt pĂĄ vei til skolen, grus som sprutet nĂĄr man syklet, farmor i nabohuset til skolen, hesten ved “pottetkokeriet”…ja i det hele tatt 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg