bilvett – folk er folk

 

tut og køyr
her kjem den susande
gi plass
skal forbi nesten koste kva det koste vil
folk er folk
bilistar er ogsĂĄ folk
sjølv om ein av og til kan lure litt
kva tenkjer dei med
og kva tenkjer dei pĂĄ
dei som tek desse rĂĄsjangsane
kvifor
jau, det må være det at dei ikkje likar å ligge bak nokon andre
ellere har dĂĄrleg tid
køyre forbi då, det er tingen
orkar ikkje ligge å trykkje opp i ræva
akkurat pĂĄ fartsgrensa
her skjer det no ingenting

sjølv der det ikkje er mogleg, er det brått mogleg med ei rask forbikøyring
i all stillheit kjem dei opp pĂĄ sida di, og susar forbi
med livet som innsatst
til seg sjølve og andre
kva som kjem i møte, er ikkje alltid heilt klart
sĂĄ gjekk det bra den gongen ogsĂĄ
sjølv i den krappaste svingen
som om dei køyrer med bind for augene
driv med russisk rulett eller rein skjær domskap
ta sjansen liksom
bilistar er folk og folk er bilistar

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
29. juni 2024

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg