du er ikkje noko

 

skal du våge
å dele frå ditt indre
og kven vil ta imot
er det nokon som vil bry seg
vil alle bry seg
sjå ned på deg
tenkje; du er ikkje noko
eller
blir mottakelsen berre positiv
og kvifor bry deg
spelar det noka rolle
kan ikkje du gjere som du vil
utan løyve frå andre hold
tru at du kan
tru at du får det til
tru at du har noko å bidra med
tru at…
men…
tvilen er lunefull
redsla for å stikke nasa fram er stor
redsla for kritikken enda større
stå i det
finn styrke
du er noko
tru det
det startar med deg

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
august 2026

 

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt #truatduernoko

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg