Â
Â
Av og til tenkjer du ikkje lenger enn nasa rekk, og det er ikkje så langt, om du spør meg
Og andre ser det, men seier ingen ting
Du trur berre at det ikkje er synleg
Men alle handlingar er synlege
Det visast gjennon kroppssprĂĄk og auge
Stemma endrar toneleie
Berre du ser det ikkje
Ikkje før du blir konfrontert med det
Så synleg liksom…
Det er ikkje berre du som gjelds
Det fins andre her i verda også, som treng merksemd og kjærleik
Skjerp deg – det er lettare å ta imot enn å gi?
Av og til vil du berre ikkje gi, fordi ei lita stemme inn i deg seier nei
Det er den stemma du mĂĄ bremse
Du ser det berre ikkje før du har tråkka litt for langt utpå
Det gode er at du oppdagar det, og kan endre kurs
Ikkje det at du oppdaga det sjølv, fordi du var midt ute på glatta
Men nokon sa det til deg….
Og du tok det til deg
Â
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
25. desember 2025
Â
Â
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt



