elskar og hatar

 

 

Fortida rasar forbi
Det flimrar for augene
SĂĄ lenge sidan
Men allikevel, som det ikkje er ĂĄr imellom
Du ser deg sjølv ta farvell – står ved ein benk i kyrkja
Du er berre tenåringen sjølv
Ung og umoden, men allikevel som ein vaksen, trur du
Veslevaksen

Livet skjer der og då – time for time
Kjærleikssorg og forelskelsar om ein annan
Ung og framadstormande, usikker og sikker, pĂĄ same tid
Lagar eit sjølbilde på vaklande grunn
Så skjørt og på same tid med styrke og kraft
Du høyrer noko, og tek det til deg, rettar ryggen, men ikkje for mykje
Du elskar folk og elskar utfordringar, og tek ting pĂĄ strak arm
Ingen redsle, berre pĂĄgongsmot

Fortida rasar, og det flimrar for augene
SĂĄ lenge sidan, men allikevel som det var i gĂĄr
Redsle for alt
Frykt for sĂĄ mykje
Raseri for sĂĄ meget
Du elskar og hatar – og det går ikkje å kombinere
Du gjer det allikevel…

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2026

 

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

8 kommentarer

Siste innlegg