hjarte..

 

 

Vi menneske i forsvar og imøtekomenheit
Der vi avgjer kven som er bra nok og ikkje
Kven som skal få være med eller ikkje
Vi menneske på godt og vondt
Vår natur

Folkeslaget – kalde her nord
Reserverte inn til det motsatte er bevist
Men vi avgjer uansett kven som er verdt noko eller ikkje
Kven vi vil stå i lag med
Kven som er bra nok
God nok

Vi menneske, målar ovanfrå og ned
Akseptert eller ikkje
Stå utanfor eit fellesskap eller ikkje
Vi menneska avgjer – det er ingen andre
Vi er gode på bunnen og ellers også på overflata
Men i grumset midt på kan det være farlig

Vi menneske – heile verda full av menneske
Større og mindre grupper
Åleine eller saman
Ulike på utsida og ofte også på innsida
Hjarte pumpar i oss alle, det er heilt sikkert
Så heilt ulike er vi ikkje

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 


#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

10 kommentarer

Siste innlegg