Julekalender i adventstida – 23. desember

 

JULEROSER
(redaktør Herborg Krükevik)

 

 

LUKE NR. 23

 

Juleevangeliet

 

Lukasevangeliet

 

I dei dagane lèt keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.
Dette var første gongen dei tok ut manntal,
og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.
Dü fòr alle heim,
kvar til sin by,
og skulle skriva seg i manntalet.

OgsĂĽ Josef drog dĂĽ frĂĽ byen Nasaret i Galilea og opp til Judea,
til Davidsbyen,
som heiter Betlehem,
for han høyrde til Davids hus og Ìtt og skulle skriva seg der saman med Maria,
som var lova bort til han.
Ho venta dĂĽ barn.
Og medan dei var der, kom tida dü ho skulle føda,
og ho fekk son sin,
den førstefødde.
Ho sveipte han og la han i ei krubbe,
for det var ikkje husrom for dei.

Det var nokre gjetarar der i omrĂĽdet som var ute pĂĽ marka og heldt vakt
over flokken sin om natta.
Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei,
og Herrens herlegdom lyste kringom dei.
DĂĽ vart dei gripne av stor redsle.

 

Men engelen sa til dei:
“Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede,
ei glede for heile folket:
I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by.
Han er Messias, Herren.
Og det skal de ha til teikn:
De skal finne eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.”

BrĂĽtt var det ein stor himmelhĂŚr saman med engelen;
dei lova Gud og song:

 

“Ære vere Gud i det høgste,
og fred pĂĽ jorda
blant menneske Gud har glede i!”

 

 

 

 

 

 

#juleevangeliet #lukasevangeliet #ventetida #adventstid #julekalender #23desember #lillejulafta #adventskalender #lukenr23 #samlagetegmont #herborgkrĂĽkevik #snartjul

2 kommentarer

      1. <3 <3 <3 Tenker på deg og fruen – og tenkte på deg da navnet poppet opp her 🙂 Ønsker deg og dine ei riktig så GOD JUL – og lag dere flotte dager inn i det nye året 🙂 juleklem fra sunnmøre

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngü personangrep og sjikane og prøv ü holde en hyggelig tone selv om du skulle vÌre uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĽ nett.

    Dette skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA.
    Googles Personvernregler og vilkĂĽr for bruk er gjeldende.

Siste innlegg