maskineriet…

 

 

Det er noko med det, nĂĄr ting fungerar og maskineriet er godt smurt
SĂĄ er det noko med det nĂĄr maskineriet fjuskar og sakkar akterut
Det er noko med det, og ein merkar det
Og du tenkjer; er det slik det skal være – dette maskineriet til stadigheit i ulage
Opp som ein hjort og ned som ein lort – gong på gong
Slitsamt og krevjande, fysisk og psykisk
Prøv det den som vil…

Det er noko med det, å havne i uføre
Uføre på så mong ein måte, når det gjelder helsa
NĂĄr ein ikkje passar inn og kanskje ingen vil ha ein lenger
Kort arbeidskapasitet og varigheit
Sjukdom, nei det er ikkje morosamt – lite interessant

Det er noko med det – å gå i vegkanten og ikkje klare kome inn på midtlinja
Uansett kor sterkt du siktar, sjenar du ut i sida og vaklar pĂĄ kanten
Men sĂĄ er det slik dĂĄ at det er mykje vakkert der ute i kanten ogsĂĄ
Det er det ĂĄ oppdage det
Oppdage seg sjølv og for alt det er verdt, prøve passe inn

Livet kan være langt og skjebner er så mange og sikta kan til tider være både og..
Det er noko med det, å oppdage vegkanten både til høgre og venstre, og
sjĂĄ inn mot midten og sikte sĂĄ godt det let seg gjere
Det er kampar som skal kjempast både i seg sjølv og ute i verda
Ein kamp om gongen er ikkje alltid enkelt
Som regel er det tusenvis av kampar bĂĄde i hodet og pĂĄ utsida
Det er noko med det når det løsnar og maskineriet er oppe og går

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#deternokomeddet #minhelse #maskineriet #tusenvisavkampar #tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen #revmatisme #diagnoser #helse

10 kommentarer

Siste innlegg