Eg tenkjer av og til på mine forfedre
Mi slekt på farssida – der farmor døde alt for tidlig
Mi slekt på morssida – der mormor “lånte” vekk mi mor til si syste
Mine forfedre…
Deira liv og deira gleder og sorger og alt slitet som fulgte med gårdsdrift og fiskeri
Deira kvardag utan straum og med ein utedo
Der alt var gjort med menneskelig kraft, nesten
Kampen om tilværelsen var eit faktum
Eg tenkjer på dei og skulle ynskje eg kunne site der og høyre deira historie
Deira`s tankar og draumar, lyden av stemma..
Og foreldra til mine besteforeldre og deira foreldre der igjen
Slekt i lange rekker
Tilfeldigheitene,
nokon havna her og nokon der, og andre emigrerte til Amerika og forbi
Eg skulle så gjerne
men veit at det ikkje går
Berre minna er tilbake og snart forsvinn dei litt etter litt
Det er for gamalt og det er for lenge sidan
Mykje er jevna med jorda og mykje har ingen dokumentasjon
Eg tenkjer av og til på mine forfedre
på livet og deira reise
Så tenkjer eg på dagen, notida og denne generasjon
Mine foreldre og meg og deg
Alt vi har mottatt, kva vi etterlater og forlater
Kva vi har oppnådd og kva vi har sagt
Har vi skapt noko eller berre øydelagt
Kva er målet og kva går tapt
I generasjonar etter generasjonar
utviklinga er snart maks?
Kva dei gjorde og kva vi gjer
Kva lærte dei oss og kva tok vi imot
Og det vi har mottatt og sender vidare
Blir det motteke og vidareført
Eller er verdien lik null, slik som nåla er i høystakken
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
4. oktober 2021
#repostminedikt #forfedre #tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt



























































