BYGDA,
DIT
INGEN
VIL FLYTTE….
Men mange vil bruke badestranda her og nyte dei flotte fjelltur-moglegheitene.
Kvalsvika – med den skumle “stranda” ein helst ikkje vil kjøyre fordi det “kan rase” frå fjellet eller båra slår over vegen…. Ligg ytst ute i havgapet, som ei lita perle.
Svinøya fyr ut i havet og utsikt mot stadtlandet der stormar og orkanar kjem susande.
Men også dei varme vindane kjem derfrå.
Så lite spenning du tåle…………….
Også er det så langt ut dit………
Det er ikkje lengre å kjøyre til Kvalsvika enn det er til Remøy, Torvik eller slik…………
Det er den “skumle” stranda…..
Det er ikkje det eg meiner, at du må tåle at det rasar ein stein i hodet på deg når du er ute og kjøyrer bil eller går tur. Ja for eg veit ikkje sist det rasa ut frå fjellet med alvorlege etterspel.
Sist gong det vart øydeleggelsar var vel då båra drog ut vegen ved Langeneset ein haust eller vinter på tidleg 2000 talet.
Det må no være frivillig å flytte kvar ein vil………
Og det skal ikkje “forplikte” når ein flytte nokon stad.
Frivilligheit må ikkje være ein plikt – det veit eg alt om.
Då kvelast gleda ved å bu på ein slik plass.
Kvalsvika – ute i havet – der båra bryt.
Ei lita perle.
Ein kan ta på seg fjellsko eller andre sko og berre vandre seg opp i fjellet eller gå langs fjæra – plukke sjellsand eller ta eit bad i Mulevika.
Den flotte “naustrekkja” i Hamnevegen.
Idyll i flottaste veret – og verhardt når det stormar som verst.
Ikkje er det skule, post eller butikk lenger.
Bedehuset er knytepunktet for kva som skjer i bygda.
Turisma har komen til bygda – og den har komen for å bli.
Fleire og fleire oppdagar kor flott det er her ute.
Vi ser over til Fugleøya Runde, og det er berre 1 mil til sentrum-nære Fosnavåg.
Og i Fosnavåg har vi THON HOTELL FOSNAVÅG om du treng overnatting – og ikkje har hverken bobil eller vil leige hytte.
Ei kommune der bruene koblar oss saman.
Enkelt å kome seg til den andre flotte perla i kommuna, nemleg Runde og Goksøyr camping.
Ein må nok ha bil her ute då bussen har slutta kjøyre her.
Jau, den kjøyre skuleelevane – dei få som er av barn og umge igjen i bygda – men ellers er det ikkje noko buss-tilbod for resten av folket. Ein må være klar tidleg morgen eller på ettermiddagen.
Monge hus står stomme – eller har vorte feriehus.
Det er slik det blir på slike stadar.
Ingen vil ut om fjellet, utan om når det er fint vèr og dei kan bade eller gå gullrekkja eller kanskje dei kjem med båt og ligg her på hamna i den flotte gjestebrygga.
Det er ei stille og roleg bygd.
Rik på opplevingar om ein tek turen ut og veit kvar ein skal gå.
Og om ein IKKJE veit kvar ein skal gå, ja då er det berre å spør ein lokal frå bygda, eller den du treff på din veg.
Då får du svar.
Mulevika, Ytstevika, Muletua, Barmen, Børa, Okla, Golleneset fyr, Moloen, Nerlandshornet, leige hytte eller kome med bobil.
Ja, det var litt om bygda, og nåkre moglegheite rundt i området, og om du klikkar i linken HER kan du lese endå litt meir, om bygda.
#bygda #kvalsvika #litabygd #eiperleihavet #utmothavet #littavhvert















































































