Det
finnes
alltid,
alltid
en
vei.
Dame Kelly Holmes
#damekellyholmes #detfinnesalltidenvei #vei #blogg #onsdag
Det
finnes
alltid,
alltid
en
vei.
Dame Kelly Holmes
#damekellyholmes #detfinnesalltidenvei #vei #blogg #onsdag
LUNDEN
I
LUNDEURA
Den kalde nordavinden fyker innover Goksøyra og blåser kaldt i ryggen når vi går mot Lundeura.
Og det er berre lekkert å gå ned i ura og la nordavinden ligge igjen i svingen 😀
Det var slik det føltes i dag.
For nede i ura varma sola og vinden var stille.
Og 18.10 kom herr og fru Lunde.
Og så mange!!!!!
Ei magisk stund i lag med Inguna – å se den flotte lunden komme i hopetall 🙂
Glede!!
Men det er mye ørn her nå.
Og jeg som elsker #ørn – skulle ønske den ikke var så glad i lundefuglen.
Men slik er det i naturens verden.
#herrogfruLunde #lundeura #lundefuglenertilbake #Runde #fugl #natur #lundefugl
Mr Sniff
Nyter sola og våren som har komt til hagen.
Boltrar seg på alle fire – smyger og strekker.
Dei late dagane til ein katt……….
Som kvessar klør og går på jakt 🙂
#katteliv #mrsniff #skogskatt #sniff #kattenSniff #katt #foto #bildeavkatt #blogg #fotografering
Heldige hunden Leia 🙂
To frisbee har ho!!
Ein rosa liten og nett, og ein raud større og tyngre 😀
Frisbee for ein kvar smak.
I dag blei det den raude frisbee som fekk lufta seg.
#rosafrisbee #raudfrisbee #frisbee #hundenLeia #shetlandsheepdog #utetid #turglede
Du rundar neset og kjenner følelsen bre seg i kroppen.
Strekket innover i bygda.
Husa.
Butikken til høgre, og der………..
Huset dei stod og vinka frå.
Kjøkenvindauget – to haud tett i tett – hender som vinka – stovevindauget – vi var framme.
Gjerdsvika.
Mitt barndomsparadis.
Eg har ofte måtta stoppa enten før eller etter at eg har passert huset, for tårene kjem.
Oppveksten i bygda der, med mine flotte “ekstra besteforeldre”.
Mamma sin tante og onkel som var barnlause.
Og vi – som deira eigne – Aslaug og Petter.
Det var noko godt over huset og heimen, over menneska.
Ja – for det er det eg har som minne.
Bestefar og bestemor i Gjerdsvika.
Den blå tripp trapp stolen, dei gode sengane med kvitt sengetøy, det spanande loftet med alt det rare, bestemor sin svarte pels som hang der og kamferdrops på kjøkenet.
Fargane i ingangspartiet, kjellartrappa og dei svarte syklane.
Bestefar si jordbæråker og Svanhild som bodde i andre etasje.
Og den raude badedrakta eg fekk av Synnøve.
Synnøve med det lange håret heilt ned på midja, i to fletter.
Den raude badedrakta som eg elska.
Gud kor stolt eg var over å arve den raude badedrakta.
Eg hadde ikkje hatt slik flott badedrakt før.
Og vi bada på stranda ned for huset til Rolf.
Og Synnøve var den flottaste i Gjerdsvika.
Og vi fant på dei artigaste ting.
Synnøve var eldre enn meg,
og leika vel mest med mine eldre brødre,
men eg såg opp til ho med det lange håret, i to fletter,
og den raude badedrakta.
Og når du rundar neset og ser den raude badedrakta framfor deg, og tankane fyk med vinden, då kjem følelsen av saknet.
Det som var.
Og at det var gode dagar og at du ikkje ville vore det forutan.
Minna.
At ei raud badedrakt gir slike sterke følelsar…………..
Det betyr at dagane var gode.
#daganevargode #godedagar #raudebadedrakta #badedrakt #følelsar #minner #godeminner #fortid #barndom #blogg
Kvifor?
Kvifor er det negatitvt å blogge?
Blogger du?
Være på instagram?
Dele på media?
Jau, eg er ikkje ein FEM-PÅ TOPP bloggar.
Og det er ikkje alt ein treng å dele.
Men…….
Eg likar å dele.
Likar å dele frå kvardagen.
Likar å dele mine dikt og mine turar, mine opp og ned-turar – fjell og fjøre, hund og katt.
Fysisk og psykisk helse.
“Den usynlege sjukdomen”
Trening – livsstil og mat.
Ja, så brettar ho ut nåkre bilder – desse selfiane – og trur ho er noko.
(JANTELOVA)
Nei, eg trur ikkje eg er noko anna enn meg sjølv.
Og veit du kva?
Eg lever i dag!
Veit du – er du klar over – at dagen i dag har ingen garanti?
At fortida har du, men framtida har du ikkje.
Du har akkurat her og no.
Sekunda og minutta og timane blir til mens du pustar.
Kvifor er det så viktig å snakke ned kva andre gjer?
Rulle med augene og riste på haude.
Eg lever livet mitt eg – dag for dag.
Prøvar å gripe dagen, leve etter beste evne, og ikkje tenkje for innvikla.
Om eg bloggar eller legger ut eit bilde eller tre…….
Du får skrolle vidare då, og ikkje hengje deg opp i kva EG gjer.
Kva gjer du?
Eller, kanskje du IKKJE gjer noko?
Kanskje du sit på gjerdet og følger med på det dei andre gjer, for å ha noko å styre med?
Ingen seier at alle skal være på offentlige media.
Kvar si interesse der, tenkjer eg.
Og vi er heldige og kan velge 🙂
Men om ein då har interesse for det, så er det vel greit det?
Livet, det er her og no.
Og eg vil gjere det beste ut av det, og glede meg over alt eg KAN utrette.
Om det er å være på blogg og dele mine turar, være i godt lag med venner og familie, gå den lange turen, den korte turen, rydde hus, dra på kafè, legge ut ei historie………
Eg elskar å fotografere!
Ja, nokon “må” gjere det også, så du har noko å følge med på……..
For du er kanskje ein av dei som ikkje legg ut noko sjølv, men er inne og ser på alle andre.
Og det er lov det også.
Opp til kvar enkelt!
Men det beste er jo om ein sjølv lagar seg gode dagar og ikkje hengjer seg opp i alt andre gjer.
Eg har ikkje dermed fått mykje kritikk for at eg bloggar.
Høyrer mykje positivt 🙂
Og mange les eller er innom bloggen – og det synes eg er veldig kjekt.
Det eg synes er så rart, er at folk er så enormt opptatt av kva andre gjer, utan å gjere noko i eige liv.
Ikkje alle bloggar er like, og ikkje alle innlegg er like.
Det fins så mykje spanande i bloggverden;
interiør, mote, reiser, tips til bøker og filmer og serier og turer.
Helse, hud og hår, fysisk og psykisk helse, trening, mat.
Og det er så mange hyggelige mennesker bak desse bloggane.
Så har vi lyst å dele av oss sjølve då………
Eg storkosar meg med blogg.
Fortel om turar og opplevingar.
Deler mine dikt og mange gode minner.
Deler mat-oppskrifter eg er fornøgd med.
Vi er ikkje like, nokon av oss.
Eg har nok rulla med augene eg og – det er ikkje det eg seier.
Men eg har lært meg å akseptere at vi er forskjellige, og at vi ikkje likar det same.
At vi har kvar vår bagasje – på godt og vondt.
Eg er opptatt av dette å gripe dagen.
Sjå det positive i ting, og ikkje snakke ned.
Eg prøvar berre å seie at det er DETTE livet du og eg har.
Og eg har ikkje tenkt å site på gjerdet og dingle med føtene i mitt tildelte liv.
Eg elskar livet og naturen, og vil få med meg mest mogleg før eg forsvinn fra jorda`s overflate.
#bloggverden #bloggere #blogg #livet #gripdagen #carpediem #rullemedaugene
GLEDEN
ER
EN
STØTTE
FOR
HELSEN
OG
MOTGIFT
MOT
SYKDOM
Henry Mackenzie
#gleden #sykdom #motgift #henryMackenzie #littavhvert
På tur til Mulevika med #hundenLeia
Flott og blått men veldig kaldt i nordavinden
#skygge
#himmeloghav
#vindihavet
Det er vakkert i Mulevika om det er vind eller stille stunder.
Havet lever sitt eget liv 🙂
Det blir litt skritt når man går morgentur – andre sysler – hagearbeid og ettermiddagstur.
Aktivitet – Aktiv trening – bevegelse – ulendt terreng – natur – turglede!
#aktivtrening #mulevika #mulevikvegen #selfie #hund #utetid #utpåturaldrisur #bølger #blåhimmel #sol #fotografering #naturfoto #vår #nordavind
😀
Når det er klart for
utearbeid, som å klippe litt hekker
og slikt.
Og det er surr og vas i ledningene.
Men men.
Vaser er til for å løsnes – og
utearbeidet gjekk sin gang.
Hunden ville
helst løpe etter en ball
hele tiden…..
Men, litt rydding og klipping blei det.
#hagearbeid #vårrydding #hundenLeia #lyng
Inneholder:
2 never babyspinat
1 sitron
3 appelsiner
1 gulrot
1 rødbet
1 eple
1 bit ingefær
litt chili
Mmmmmm
Og god juice vart det!
#juice #rødbeter #appelsiner #eple #ingefær #gulrot #sitron #babyspinat #chili