repost – mennesket

 

 

 

MENNESKET
har det med å blande seg i alt
Ikkje ein ting utan at mennesket blandar seg
Det bryr seg med alt, snakkar om alt og mistenkjer alt
Det er ikkje negativt at mennesket bryr seg,
det er meir positivt vel?
Det hadde vore begredelig og ganske samfunnskaldt,
om ikkje mennesket brydde seg
Men det er kanskje opp i måt?
Med alle sine krefter bryr mennesket seg om andre –
og dømer eller set merkelapp på dei som ikkje er som dei sjølve
Mennesket er mistenksom
Kvifor, lurer mennesket på, gjer andre slik
Kvifor gjer dei ikkje som i den forventa rama
Nokon har brutt sirkelen og står utanfor den forventa rama
Nokon gjer heilt andre ting enn det som er forventa
Kvifor, tenkjer mennesket?
Den forventa rama rundt alt
Den forventa rama rundt mennesket, familia, skulen, arbeide, treninga, det sosiale, økonomien, livsstilen
Mennesket føler seg trua
Usikker på kva dette er
Eller er mennesket sjalu?

Avvik frå normalen, for det er dette som er rett
Men kven har rett?
Dei som set foten utanfor rama, eller dei som meinheld på
at slik er det og slik har det alltid vore
Mennesket set spørsmål, kritiserar og hånar
Kvifor gjer du som du gjer?
Om mennesket hadde åpna augene og sett, virkelig sett
Om mennesket hadde latt være å være hovmodig
Om mennesket hadde akseptert og ikkje kritisert
OM KVART MENNESKE RESPEKTERTE SEG SJØLV OG ANDRE
Og kvifor må mennesket heile tida måtte forsvare seg?
Det er som om mennesket ikkje likar at rama får sprekker, forma forandrast og rama passar ikkje
Ei ny rame………..
Kvifor kvifor kvifor………..
Hadde mennesket akseptert at slik er det og ikkje laga misnøye,
då hadde mange sluppe å bry seg så forferdelig
Kanskje mennesket er fulltids ansatt i “bry seg” -arbeide?
Ansatt i å mistenkeliggjere ALT som ikkje passar inn i “den perfekte” rama
Stakkars mennesket ……….. sjå der ja……….. hah!

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
29. mai 2020

 

 

#repostminedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord #minedikt

 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

    Dette skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA.
    Googles Personvernregler og vilkår for bruk er gjeldende.

Siste innlegg