stemma frå det indre

 

 

eg trur eg går inn i ein depresjon
nei det gjer du ikkje
takk for at du sa ifrå, og sa nei til det
eg treng den stemma som seier ifrå
stemma som varslar fare
når humøret dalar og alt ser litt mørkt ut
då seier eg til meg sjølv at dette verte for tungt
nei, det verte det ikkje, seier du då
stemma innafrå
stemma som veit at det er kampvilje der
og når kampvilja ikkje orkar
då står du der og skubbar på
stemma frå det indre

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
januar 2024

 

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

8 kommentarer

Siste innlegg