tankespinn inn i dagen

God morgen Norge!

 

Når du ikkje får det til, heiast du på
Kom igjen no – du klarar det!
Når du får det til, er det meir slik “jasså – det klarar du”,  men….
Det kan også kome klapp på skuldra – det er innafor det

Andre tider jublast det for deg og det er ikkje måte på, men mistanken ligg under og nører
“du klarer det, men…”

Å ikkje bli glad på andre sine vegne, må være ein vond smak i munnen, eller?
Det å ikkje unne nokon noko
Det å ikkje berre akseptere at slik er det,
og ja,
sette spørsmål ved noko, og akseptere svaret,
utan meir inngåande utspørjing,
utan at ein sjølv vil det
Det at nokon er betre enn andre – vinn medaljar, er alltid på topp, vinn i lotto eller kva det skulle være – er vel heilt ok?
Det er slik det er
Kanskje er det min eller din tur neste gong
Om vi hadde heia på kvarandre uansett kva – smilt og tatt tommel opp
Istaden snur vi ryggen til,
med eit kniks med nakken og er rett snurt
Kva gale har ein gjort utan om å klare ei bragd eller kva det skulle være

Ikkje vær så sjalu!
Ikkje vær så betrevitande og arrogant!
Ikkje vær så hånlig!
Vær den som unnar andre av det gode

Ingen dag er lik for nokon
Nokre dagar er rett vonde, utan at nokon ser dei dagane
Det er når dei vonde dagane kjem, heia-gjengen burde stå med rop og skrål – og likeeins når ein har komt seg opp på flata og klarar seg vidare kilometer for kilometer
Men det er ikkje så enkelt å oppdage alltid – det skjulte og usynlege

Heia heia heia
Eg heiar på deg!

 

Ellers er mai snart historie.
Mai 2025 har vore kald
Mange dagar med pluss 4 grader – og nordavind
Men det har også vore dagar med sol – så mai har vel vore som maiar flest….
Det lakker og lir mot sommar – og håpar alle får solrike og gode dagar

 

 

DAGENS BLOGGER
i skrivende stund:

Plass nr. 21 = Bforb
Plass nr. 42 = Naturfiskeren
Plass nr. 71 = Martiniquiz

 

 

Tilbakeblikk til same dato åra før:

29. mai 2015  – kven er eg – mine dikt

29. mai 2016 – tre dager til ende

29. mai 2017 – kur – litt opp ned for tida

29. mai 2018 – brannfare

29. mai 2019 – dårlig vèr gir flotte dråper

29. mai 2020 – velsigna du dag – tur til Lidaveten i godt lag med Tove

 

MENNESKET
har det med å blande seg i alt.
Ikkje ein ting utan at mennesket blandar seg.
Det bryr seg med alt, snakkar om alt og mistenkjer alt.
Det er ikkje negativt at mennesket bryr seg, det er meir positivt vel?
Det hadde vore begredelig og ganske samfunnskaldt, om ikkje mennesket brydde seg.
Men det er kanskje opp i måt?
Med alle sine krefter bryr mennesket seg om andre – og dømer eller set merkelapp på dei som ikkje er som dei sjølve.
Mennesket er mistenksom.
Kvifor, lurer mennesket på, gjer andre slik.
Kvifor gjer dei ikkje som i den forventa rama.
Nokon har brutt sirkelen og står utanfor den forventa rama.
Nokon gjer heilt andre ting enn det som er forventa.
Kvifor, tenkjer mennesket?
Den forventa rama rundt alt.
Den forventa rama rundt mennesket, familia, skulen, arbeide, treninga, det sosiale, økonomien, livsstilen.
Mennesket føler seg trua.
Usikker på kva dette er.
Eller er mennesket sjalu?

Avvik fra normalen, for det er dette som er rett.
Men kven har rett?
Dei som set foten utanfor rama, eller dei som meinheld på at slik er det og slik har det alltid vore.
Mennesket set spørsmål, kritiserar og hånar.
Kvifor gjer du som du gjer?
Om mennesket hadde åpna augene og sett, virkelig sett.
Om mennesket hadde latt være å være hovmodig.
Om mennesket hadde akseptert og ikkje kritisert.
OM KVART MENNESKE RESPEKTERTE SEG SJØLV OG ANDRE
Og kvifor må mennesket heile tida måtte forsvare seg?
Det er som om mennesket ikkje likar at rama får sprekker, forma forandrast og rama passar ikkje.
Ei ny rame………..
Kvifor kvifor kvifor………..
Hadde mennesket akseptert at slik er det og ikkje laga misnøye, då hadde mange sluppe å bry seg så forferdelig.
Kanskje mennesket er fulltids ansatt i “bry seg” -arbeide?
Ansatt i å mistenkeliggjere ALT som ikkje passar inn i “den perfekte” rama.
Stakkars mennesket ……….. sjå der ja……….. hah!

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
29. mai 2020

 

 

29. mai 2021 – dei små stega
fotoutfordring fra bloggeren Frodith

29. mai 2022 – vi ruller hjemover – bobiltur – god morgen fra Jølster panorama

29. mai 2023 – bihulene – mine dikt

29. mai 2024 – vippar – mine dikt

Blomstring

 

 

Stå deg vel –
og la juni bli god!

 

6 kommentarer

    1. Jeg er så heldig at jeg har blitt født med den egenskapen å kunne glede meg over andres framgang og ting de får til. Kan mange ganger bli like glad over det som over ting som går min egen vei 🥰 Ja tenk, på søndag er måneden med stor J her, den første sommermånedene våre. Håper vi får mye fint vær, så man kan være ute å nyte. Ønsker deg en fortsatt fin torsdag, klem 🤗

    2. Begge dikta dine handeler om noe viktig og egentlig det samme, det å ha plass til andre, bry seg positivt og evne å være et godt medmennske. Men det handler vel mange ganger om hvordan folk har det med seg sjøl, hvor glade og tilgivende de er overfor seg sjøl. For da er det letter å være oppriktig interessert i andre skal ha det bra. Til å heie på. Klem til deg <3

    3. Nå synes jeg egentlig mai har inneholdt en god del dritt, og april og mars også 😛 MEN… nå er det mye bra på gang også 🙂 Og det HAR vært mye bra også i mai 🙂 Skal ikke glemme det 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

    Dette skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA.
    Googles Personvernregler og vilkår for bruk er gjeldende.

Siste innlegg