SMELLEN
I dag kom smellen, som med svake raude varsellampar
har ligget og blinka ei god stund.
Smellen kom i følge med værskiftet, og det blei ille.
Så ligg du der og makter ingenting.
Smertene har tatt overhand, og du lurer på kva klokka
var da du tok siste smertestillande.
Tida står stille og tankane svirrar.
Kva skal eg gjere?
Apati.
Da kjem det sigande;
eg gjer det eg brukar gjere.
Tar på skoa og går ut.
Carpe diem !
mette j kvalsvik
mars 2014
Dette er over eit år siden. Det er slik at ein ikkje er forberedt alltid på det som kjem. Og dette kan kome snikande. Smerter som er uuthaldelege. Men ein blir ekspert på seg sjølv etter kvart, og veit kva ein tåler, og da blir desse smellane som trekker ein så langt ned, færre og sjeldnare. Det er eg glad for.
Ønsker dere alle en flott dag!
#minedikt #smellen #uuthaldeligesmerter #smerter #kroniskesykdommer #revmatisme #fibromyalgi #snikande #tapåskoaoggåut #blogg
Du har funnet oppskriften. Den samme som jeg bruker. På med skoa og ut! Ha en super dag <3
du har rett,og bevegelse er det beste uansett i det lange løp
Så bra du går ut 🙂 lurt. Man får jo noen sånne opplevelser innimellom og en tur er toppen da 🙂 Løser mye 🙂