Uro

SONY DSC

 

 

URO

 

Det byrjar som ei vag uro.
Ei uro over det som skal skje.
Du prøvar å ikkje tenkje på det, men det kjem veltande.

Heile tida i tankane.
Kva om, tenk om…. du klarar det ikkje.
Så står du der, og det er over.
Du klarte det.

Neste gong, tenkjer du, skal du ikkje bruke så mykje energi lang tid i førevegen,
på negative tankar.
Neste gong skal du ikkje uroe deg for det som kan gå galt.
Neste gong.

 

mk september 2015

 

#dikt #minedikt #uro #blogg #etdiktomdagen #skriveglede

19 kommentarer

Siste innlegg