enten eller

 

 


 

 

 

LIVET I GAVE

NÄr du stÄr der naken, og ventar pÄ dommen.
Ja, det gÄr enten eine eller andre vegen, ganske brÄtt.
Men du er heldig.
Du har fÄtt enda ein sjangse her i livet.
Du har fÄtt livet i gave.

Det er slik du ser det.
Det du sÄg sÄ brÄtt, var livet som suste forbi.
Alt du ikkje hadde utretta, alt du ville oppleve, familie og venner, ja sjĂžlve livet.
Var det over?
Ingen veit, men ein ting DU veit, er at i dag fekk du ein pakke stĂžrre enn alt.

Du pakka ut livet enda ein gong.
Du pakka ut ein ny sjangse i livet.
Og eg som sit og lyttar til dine ord, lar tÄrene renne.
SĂ„ lite veit vi.
FrÄ eine dagen til den andre kan alt vÊre forandra.

Livet er skjĂžraste porselen.
Berre eit knips.
Grip dagen, du veit aldri.
SĂ„ lett hĂžyrest det ut, men det er kanskje det vanskeligaste .
Det Ă„ gripe dagen, og Ă„ leve i livet.

 

mettekvalsvik

 

 

 

#etdiktomdagen #minedikt #enteneller #gripdagen #levlivet #tirsdag #blogg #sensommer #august #berreeitknips

14 kommentarer

Siste innlegg