mestring

 

 

TANKENS KRAFT

Når kroppen er “nede” og ikkje noko fungerar som det skal………..
Du veit at det ikkje hjelper å site/ligge – være inne…
Du er no ikkje sjuk…..
Berre “nede” av smerte som har bestemt seg for å ta over for ei periode.
Tja……….  då får ein velge kva som er best……..

Om det er muleg ja…….. å velge…..
For meg er valget enkelt sjølv om det er tungt til tider.
Eg må ut å bevege meg og tråkke litt over smertegrensa.
Prøve å ikkje la den ta overhand – sjølv om det ikkje er enkelt.

Og tungt er det, det skal du ikkje tvile på.
I dag var det enormt tung å kome seg ut og opp i fjellet.
Men ønsket om ein brukbar dag istaden for ein ubrukeleg dag, er størst av alt.

Så er det det å sjå det vakre i naturen.

Muletua, Barmen og Børa ein vakker haustdag i september, der temperaturen er sommervarme.


Det er tungt å gå oppover.
Denne turen som er så enkelt og grei for meg er tung i dag.


Men det er så herlig å sjå utover, og tankane på det negative blir sakte men sikkert snudd om.
Snudd om av alt det vakre på turen.


Sola er inn og ut av teppet som ligg over himmelen.

Eg er sliten.
Tenkjer at eg muligens går mot Barmen men ikkje lenger.


Ein vakker sommerfugl svevar rundt denne haustdagen.

Ja det er herleg å vandre i fjellet.
Rein medisin.
Eg som ikkje skulle gå lenger enn til Barmen gjekk over Børa også og kom ned  dalen.
Dalen er nesten min favorittplass.


Her traff eg ei som er oppvokst i kvalsvika.
Ho var på veg mot Børa.
Vi følger kvarandre på instagram og ho kaller seg for @skansenjenta.
Hyggelig!


Den vakre dalen 🙂

Ein herleg tur som gjer godt for kropp og sjel.

 

 

 

#muletua #barmen #børa #mestring #fjelltur #natur #fotografering #tankenskraft #positiv #smertemestring #fibromyalgi #beinskjørhet #torsdag #friluftsliv

 

 

18 kommentarer

Siste innlegg