siste sprell

NYTTÅRSAFTA

Siste dagen i året.
Og då blir det enten nyttårsbad eller tur med kjole.
Og tur blei det.
Til #Ystevika, med kjole.
Opplett, hagl og regn og for ikkje å gløyme, vind.

Enda eit år har gått.
Siste timane før det nye året ringast inn.


Eg har hatt eit fantastisk år.
Eit år som egentlig har gått alt for fort………..
Men, takknemlig for alt eg har fått oppleve.
Fantastiske turar i fjellet i dette vakre landet vårt.
Turar og opplevingar med gode venar eg set så umåteleg stor pris på.
Familie.
Mine to fantastiske gutar som eg er så stolt over.
Eg er tante til verdens herligaste gjeng.

Eit år der eg har kjent veldig på savnet av noko viktig som har forsvunnet frå livet mitt.
Pappa.

Eg er ikkje redd for å være meg sjølv.
Har lært meg det å være stolt over meg og mitt.
Ikkje la “Jantelova” take heilt overhand.
For tingen er at DU SKAL TRU AT DU ER NOKO.

Lev I livet.

Bølgene kan slå deg hardt i bakken, men med gode mennesker rundt, kommer ein seg opp igjen, gong etter gong.

Så grip dagen, så godt du kan.

Eg er takknemlig.
Takk for eit fantastisk år på godt og vondt.

Så ser eg fram til det nye året.
Nye utfordringar og gleder.
Turar og treningstimar.
Naturen som lagar seg til kvar ei årstid.
Vennskap og nye bekjentskap.

Eg gler meg!

 

GODT NYTT ÅR!
 

 

 

 

#sistesprell #nyttårsaften #sisteturenut #selfie #natur #sunnmøre #godtnyttår #blogg #hav #himmel #turglede #kjole #utetid #dagen #friluftsliv

 

10 kommentarer

Siste innlegg