stein

 

 

 

Barneår

Du hoppar frå stein til stein.
Minner kjem fram frå barneår.
Då alt var større, og du hoppa frå stein til stein.

Mange hinder å kome over.
Mange utfordringar å hanskast med.
Men, på ein anna måte.

Dei vart tatt på nesten strak arm.
Alt var så lett og morosamt.
Å hoppe frå stein til stein, og møte dei utfordringar som måtte kome, med lett sinn.

Gleda av å boltre seg i naturen heile dagen.
Du hoppar frå stein til stein og tenkjer tilbake.
Her har du vore så mange gongar før.

Bada, leika og ingen sorger.
Det er så godt å hoppe frå stein til stein.
Berre la tankane flyge slik.

Tenkje tilbake på gode barneår.
Du er no vaksen.
Men du kan fortsatt hoppe frå stein til stein.

 

mettekvalsvik
(27.07.16)

 

 

 

#minedikt #dikt #blogg #barneår #tankane #bilder

18 kommentarer

Siste innlegg