Starta 11.15 fra Geiranger havn og var tilbake 17.30.
Varmt og flott vèr – godt lag og masse hyggelig folk på turen.
Mange tok båten ut og gjekk tilbake – vi gjekk begge vegar.
Og der, midt i råsa – like før Homlongsætra;
Hei, er det du Mette?
Gunnhild Myklebust med familie. Og tenke seg til, det er 37 år sidan vi gjekk 1. året på Handelsskulen. Og ikkje sett kvarandre sidan, trur eg….
Veldig hyggeleg møte med ei sprudlande dame og hennar familie.
Så kan man lure på kvar tida har vorte av…..
37 år?! Seriøst?
😀
Etter Homlongsætra går det nedover.
Vi skal fra 550 moh ned til 250 moh – der Skageflå ligg.
Og for meg vart det ei utfordring på siste nedstigning, der det heldigvis var festa vaier til fjellveggen 🙂
Eg kom meg både ned og opp!
For ein plass og for ein tur! Det kan ikkje bli bedre enn dette på en slik vakker dag. Ein må berre orke å gå litt, for å oppleve slike perler.
Og spreke hunden i varmen 😀
Så er det berre å sige oppover igjen – for alle båtar denne dagen har gått siste turen.
Frå 250 moh til 550 moh og tilbake til Geiranger havn.
Vårt vakre Norge – spektakulært – heilt fantastisk slike dagar, der sola og folket malar så fint over vakker natur.
Og enda ein gong har eg overvunne høgdeskrekk – sjølv om det for nokon berre er “peece of cake” er det ofte for meg ei utfordring. Mestringsfølelse og lykke!
Så får det bli ein annan gong – å ta båten ut – og gå OPP til Skageflå – den turen må også opplevast.
Flagrande kle i vinden.
Klesvask.
Humla suser, hotellnatt for to.
Flagrande kle, humla i lè.
Humlehotell inne i min klesvask…
Hundrede humler flagrende i vinden,
hotellovernatting Buzz og Bizz.
Ikke gratis – ikke i mine klær!
Humle bumle og flagrende klær…
Buzz og Bizz ristes så visst.
Ut av min klesvask og ut av mitt hus.
Min båt er så liten og havet så stort….
Det er slike følelsar som kjem snikande
når det bles full strom rundt nova.
Det er slik ein tenkjer når ein har sine eigne ute på havet.
Båten er liten og havet så stort.
Det er då ein ber til dei høgare makter.
Pass på den lisje båten.
Pass på, og styr den, så den finn rette leia og alle kjem trygt heim.
Min båt er så liten og havet så stort.
Når bølgene er høge og vinden riv i,
søk land kjære båtfolk.
Søk land og kom heim.