Det er ei ny tid
Og stadig noko nytt i spegelen
Veit liksom ikkje om eg likar det eller kva
Men eigentleg har eg ikkje noko val
Det ligg longt inne å akseptere – men kva er alternativet?
Her om dagen kom minna strøymande på
Barndomen og alt som fylgte med
Og den tryggheita som var der – og eg ville tilbake
Eit lite augneblikk var det så sårt innvendig – og eg ville berre tilbake
Skru tida tilbake – eg vil ikkje dette her
Eg vil ikkje dette som skjer med meg og alle andre
Eg vil ikkje!!
Men eg må
Eg må akseptere det
Og det er tøft
Brått står eg ansikt til ansikt med ei fakta eg ikkje har tenkt over
Eg ser det i spegelen og eg ser det rundt meg
Ei ny tid
Den stoppar ikkje for meg eller nokon
Og mens den tida fyker i eit voldsomt tempo
Så skjer det mykje og lite kvart einaste sekund
Og eg henger med
Ser meg i spegelen og vil tilbkae
Tilbake til då tyngdekrafta var på mi side og alt var såre vel
Eller var det såre vel
Den tida som var
No er no og det er som det er
Og eigentleg …. det er takknemlig eg burde være,
og det er nok det eg er, inst inne…
Det er berre tonkar som kjem dei dagana alt ser mørkt ut –
og dei dagane lyset er for skarpt i spegelen
Men det er akkurat det som ER livet
At vi flyttar på oss både innvendig og utvendig
Også er det noko som går saktare enn anna
Tonkane og hjerna og livsvilja og motet –
det indre – det står litt stillare enn det ytre
Og godt er vel det?
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
03.09.22
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt