svada…

 

 

Slike dager som i dag
Då har eg bestemt meg for å slutte
Slutte å dele
For det er så voldsomt
Kvifor dele av livet på ein nettstad
Kva er behovet?
Kvifor delar du?
Kva er gevinsten?

 

Men gevinsten… det er delinga det
Det å formidle noko du sjølv brenn for eller har sett
Noko du vil få ut til verda
Fargar eller tankar og ord
Du brenn for det og vil dele for den som vil lese

 

Er du då sjølvopptatt
Sjølvsentrert – alles midtpunkt?
Nei – det handlar meir om at innimellom alle innlegga ligger der budskap
Håpet er i allefall det
At det ligg hjelpande ord og optimisme for andre som kan føle det på same måte
Oppturar og nedturar som går hand i hand
Kampar som blir kjempa
Råd og veiledning

 

Så tenkjer ein av og til at “kva er vitsen”
Orkar ikkje meir liksom
Og det er lov det
Så kjem det kanskje ny giv og ny inspirasjon
Nokon likar det du delar og synes aldeles ikkje det berre er svada

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
27.08.22

 

 


#svada #minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord

10 kommentarer

Siste innlegg