lydar av og til kan den minste lille lyd skjære i hodet så vàr for lyd stillheita som blir brutt, og hodet som skjørt porselen lydar som stikk eit snufs, eit host, slurpe kaffe, pust hodet tåler det ikke nervane sit på utsida og tar inn alt skru ned volumet skru ned! så blir alt stille du høyrer berre deg sjølv ah stillheit takk for stillheita nervane trekker seg sakte men sikkert innover og legger seg til ein ny lyd det går betre no du er over kneika nesten
Etter mange år, sit minna klistra på innsida Gode og mindre gode minner Savnet av dei som har gått i førevegen, og ikkje er her lenger Minna om alt som har vore gjort, og som eigentleg av noko, kunne vore ugjort Mest av alt er saknet av dei nærmaste Dei som du kjente heile livet igjennom – i oppveksten Dei som betydde så mykje Du skulle gitt så mykje for å få ei stund saman igjen Berre le litt i lag, lytte til historiane frå gamlare tider Lære å kjenne berre enda litt meir, deira historie Etter mange år, og minna sig stadig på, og saknet har kanskje vorte litt mildare, men det sit der, på innsida, og bankar stadig på
Alt var så mykje betre før Du har nok høyrd den strofa nåkre gongar; “betre før i tida” Då ingenting av det som finnes i dag, var oppfunne Eller, det var vel i kjømda, men ikkje tilgjengelig Det var ei anna tid Ei fantastisk tid Men då som no, ikkje alle hadde det like bra Fattigdom fantes da også Dei som hadde mykje, mindre, eller ingen ting Klasseskilla var tydelige Dyre merkeklede lyste lang veg, og du såg med lengsel i blikket, etter den råaste dunjakka Men du klarte deg, både du og andre Fattigdom er så mykje, og har du råa til ei “vanlig” jakke – så er du ikkje fattig slik liksom Mat kvar dag, fjernsyn, videospelaren var komt i hus, og den siste tèn-åringen skulle snart ut av redet
Sorgane var nok foreldra som stod for Ikkje ungdomen Livet var der og då, og ingenting anna gjaldt Kva som skjedde heime, var ikkje tema Sigaretter og tobakk, alkohol og vennegjeng Eller bedehus og ungdomskveldar Samlingar i veners lag Piddene stod på rekke og rad Filmkveld med skrekkfilm Vekas plakat på veggen – kino eller dans – eller begge delar Jungeltelegrafen via fast-telefon – eller lappar sendt rundt i klasseromet, hemmelig Vaksen var du den gong, trudde du,,, Men det var ei anna tid Ei fantastisk tid
Åttitalet spant rundt og gjorde deg oppmerksam på moglegheiter langt der framme Og med håret rett opp og ut – hårspray som spikra det fast og svart kajal rundt augene, storma du mot framtida Det er mogleg skylappane var på – men du storma rett inn i nittitalet og utviklinga der Kven skulle tru at tida då – førte fram til alt ditte Ditte du sit att med Frå den gong då Om alt var så mykje betre før, kan vel diskuterast Men, du har vore der, og du har vore med på reisa og endringane Du veit
The Beast in Me er en fengslende og fascinerende serie som gir et godt perspektiv i en verden av løgn, mord og mystikk. En av årets beste serier faktisk! kopiert fra nettet
Hva er på den andre siden Er det bedre forhold der Enhjørningen ser på den vakre speilingen i vannet og tar sats Enhjørningen vil over til den andre siden Alt må være bedre der, tenker den