Alt var så mykje betre før
Du har nok høyrd den strofa nåkre gongar;
“betre før i tida”
Då ingenting av det som finnes i dag, var oppfunne
Eller, det var vel i kjømda, men ikkje tilgjengelig
Det var ei anna tid
Ei fantastisk tid
Men då som no, ikkje alle hadde det like bra
Fattigdom fantes da også
Dei som hadde mykje, mindre, eller ingen ting
Klasseskilla var tydelige
Dyre merkeklede lyste lang veg, og du såg med lengsel i blikket, etter den råaste dunjakka
Men du klarte deg, både du og andre
Fattigdom er så mykje, og har du råa til ei “vanlig” jakke – så er du ikkje fattig slik liksom
Mat kvar dag, fjernsyn, videospelaren var komt i hus, og den siste tèn-åringen skulle snart ut av redet
Sorgane var nok foreldra som stod for
Ikkje ungdomen
Livet var der og då, og ingenting anna gjaldt
Kva som skjedde heime, var ikkje tema
Sigaretter og tobakk, alkohol og vennegjeng
Eller bedehus og ungdomskveldar
Samlingar i veners lag
Piddene stod på rekke og rad
Filmkveld med skrekkfilm
Vekas plakat på veggen – kino eller dans – eller begge delar
Jungeltelegrafen via fast-telefon – eller lappar sendt rundt i klasseromet, hemmelig
Vaksen var du den gong, trudde du,,,
Men det var ei anna tid
Ei fantastisk tid
Åttitalet spant rundt og gjorde deg oppmerksam på moglegheiter langt der framme
Og med håret rett opp og ut – hårspray som spikra det fast og svart kajal rundt augene, storma du mot framtida
Det er mogleg skylappane var på – men du storma rett inn i nittitalet og utviklinga der
Kven skulle tru at tida då – førte fram til alt ditte
Ditte du sit att med
Frå den gong då
Om alt var så mykje betre før, kan vel diskuterast
Men, du har vore der, og du har vore med på reisa og endringane
Du veit
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
desember 2025
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt




Alt er relativt tenkjer eg:-)Ha ein fin dag
Ikkje sant! Ei tid var og ei anna vart – og er – det er ei tid for alt – og vi vokser oss inn i alt det nye som kommer oss i møte 🙂 GOD JUL VIDARE TIL DEG!
Du har skrevet det veldig nøyaktig. Det er virkelig sant. Jeg ønsker deg en god helg.
Tusen takk!
Jeg synes ikke det var så mye bedre på 80-tallet, jeg synes det var vanskelig å være ungdom 😮
Ja det var både og… 🙂
Tja… mye var bedre – og mye var sikkert verre, tenker jeg! Men som du sier – det er fortida vi vet noe om! Klem <3
Ikke sant… vi som har levd den… mye var bra før men ikke alt var bedre 🙂