minner har det vorte så mange av
gode og mindre gode minner
alt etter kva som kjem fram
med åra som går
du hadde mørkt blankt hår
øyredobbar som glitra
glatt hud og leppestift
vakker som ei prinsesse
eit bilde flimrar for augene
isblå kjole og bryllaup
oppsatt hår
flotte kjolar og drakter
ofte med rullar i håret
gøymt under eit raudt skaut, eller ein annan farge
å gå oppover marka var ikkje noko problem
og turane mellom husa var fylde av latter
heimebaka brød og skalken var den beste
vi fekk ferskt brød ja, og varm kakao når det passa slik
nybaka, nylaga, middag og dessert, kaker og gjærbakst – du har vore ein mester
rjomegraut etter slotten på marka – den var det du som stod for
ingen laga betre rjomegraut enn du
det var då handa di var sterk det, og klarte alle brasene
ofte lent over bordet med mønster,
til bukse eller jakke
klede til deg sjølv eller oss ungane
symaskina surra og gikk
heimelaga kle
det var stas det
strikkemaskina dura og pinnane klirra
du trylla fram dei vakraste gensere og jakker
nål og trå til broderi og lampeskjermar
ein kunstnar rett og slett
aldri sint men kanskje sliten til tider
det er vel ikkje å vente anna
men du viste det ikkje ofte
du stod på for dine
i gode og mindre gode stunder
for det har vore nåkre mindre gode stunder også
og dei kampane har du stått av på den beste måten
korleis klare det, kunne du seie
men så klarte du det
ofte var ikkje makta stor, utad
men den indre makta tok tak
eit forbilde
fortsatt ein mester
prinsessa har vorte dronning
pinnane klirrar litt enno
det lagast litt mat enno
hjarte bankar for alle
bekymringar for smått og stort
tenk for eit liv
tenk for ein visdom
tenk for ei kraft
tenk for eit mot
tenk for ein styrke
tenk for ei tålemod
tenk for ei lykke
tenk for….
også er du vår
og hjarte ditt bankar for oss
ditt levde liv
di historie
tusen takk gode mor
du var og er ei vakker prinsesse
som har vorte dronning
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2026































































