solbrillejakt…

 

JAKTEN PÅ SOLBRILLENE

Jepsipepsi
Kjerringtanker fekk meg på andre tankar
Løysinga var nær!
Det gjelder å ikkje gi opp
Eg såg for meg at solbrillene låg der i bakken eg falt, og fant ut at om eg kan ta turen opp skogen om eg køyrte til Bugarden, så slapp eg gå heile runda liksom
Og som tenkt så gjort!

Og vi fekk oss ein flott tur, hunden Leia og eg
Sakte oppover bakkane inne i skogen
Nærma oss der eg meinte det var – og Leia stoppa – og der låg solbrillene midt i stien
Fantastisk!
Eg blei superglad!
Solbrillene eg fekk av C var like heile
Vi tok turen resten av bakken opp, og gjek ned til der “Mørdarbakken” går, og grus resten av turen ned til bilen
Veldig fin lita runde i dag

 

 

Der låg dei!!

Var eigentleg forberedt på å IKKJE finne brillene – eller kanskje gå både opp og ned bakken for å leite. Men der låg de gitt 😀
Juhuuu!!

 

Mission completed!  💪

 

Så då var det resten av turen då, og alt det vakre å få auge på 🐕🚶‍♀️

 

Det gjelder å ikkje gi opp – det er heilt sikkert 😃

 

 

 

 

 

 

 

Utsikt mot øya, Runde

 

 

 

 

 

 

Det endte bra ditte her
Godt med alt som er gjort rett og slett

 

Lag deg ein fin onsdag der du er  😊

 

11 kommentarer

Siste innlegg