alarmen går

 

Vi røykte på dass
Nokon holdt vakt
og vi tente på en røyk som gjekk på deling
Det stod fleire av oss jentene inne på eit do
Vi sat og stod og nokre stod på do-låka
Når alarmen gjekk:
“lærar i sikte” –
var det å slukke røyken, “stompe” den og legge i tobakkspongen,
eller kaste den i do, og trekkje i snora
Gå rolig ut av doen og vaske hendene
“Det luktar røyk her”
Gjorde det det??
Seriøst
Det stinka helt sikkert
Men vi stod der som englar og forstod ingenting
Nei, røyk nei, det visste vi ikkje noko om…
Vi blei aldri tatt – men…
Kva var så viktig med å stå på jentedoen å røyke?
Vi var dei kule?
Flokk-mentalitet
Det var tider det….
Ungdomsskulen og smugrøyking
Ein hadde ikkje meir spenning enn ein laga sjølv
Rart ein vart avhengig da?

Også var det lykka ved juleavslutning i niandeklasse
Kva forbilde var vi for dei som kom etter oss
Ja, den gong vi gjekk 7. til 9 klasse
Og juletreet stod midt i hallen på skulen  – og vi gjekk rundt treet og song av full hals:
“Det står ni flasker øll opp på hylla, det står ni flasker øll opp på hylla også tar vi oss en øll også tar vi oss en øll, det står åtte flasker øll opp på hylla….”
heile vegen til null flasker øll
Det var da ingen julesang, men vi fekk synge oss ferdige
Det var ikkje juleball den gongen

Det var ei rar tid der vi var vaksnare enn vi var
Vi følte at vi visste alt, monge av oss
Vi brydde oss ikkje om skule og vi skulle berre ut i arbeid
Vi hadde ingen planar
Jau, nåkre hadde det, og hadde nok beyre vett enn mange av oss andre
Men sånn var det ein gong på den tida
Utdanning  – nei skulle verte heimeverande husfrue
Finne mannen i vårt liv og verte gifte – det var draumen for monge

Alarmen går, høyr alarmen går!
Det var noko spanande med det å røyke på dassen
Blei vi tatt?
DU lukter røyk!
Nehei – det var ikkje meg….
Eg har berre stått her eg…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
oktober 2023

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

6 kommentarer

Siste innlegg