åleinetid

 

einsamheit
åleinetid
tid for deg sjølv
i eige selskap
utan at det gjer noko
fordi du trivast der
åleine
og tenkjer at alt til si tid har noko for seg
fordi du likar ditt eige selskap
og saknar ikkje alltid å ha nokon rundt deg
du higar etter åleinetida om det er ute eller inne
slik er det med den saka
åleinetid er gull verdt og ikkje vondt
det er berre vondt om den ikkje er sjølvalgt til ei kvar tid

om saknet av nokon som kunne lytte, eller sjå ein, verte for stort
om det då ikkje var nokon til stades
då hadde einsamheita sege på
og åleinetida vorte vond
tida for deg sjølv vart uinteressant
og eige selskap smerteleg
fordi du brått ikkje  kunne velge
men var satt i den situasjonen der ingen kom og lytta
ingen venta på deg
ingen brydde seg
alle hadde nok med sitt
eige selskap påtvunget til ei kvar tid
og einsamheita var total
åleinetid og eige selskap er dyrebart
men ikkje for ein kvar pris

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
28. januar 2025

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

4 kommentarer

    1. Kloke ord – mye om meg igrunnen…… Alenetid er viktig for meg – ikke vond eller trist – bare viktig <3 men det er klart – noen ganger skulle man ønske å være to…… klemmer <3

      1. Ikke sant. Alenetid er viktig – også for meg. Og jeg får det, den alenetiden jeg trenger 🙂 Ja det er også godt å være to, Margrethe. klems

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg