alltid noko

Ja når ein styrar i hagen så er det alltid noko.

Klipparen som var til reperasjon vart noko gale med etter halvvegs arbeide, så eg satte den stille frå meg og tenkjer eg spør reparatøren om det fortsatt er noko å gjere med herligheta, så den holder ut sesongen.

For første tanken var at no vrakar eg den.

Men…… trur både den og eg får holde ut sesongen – for eg har ein “flymo” eg kan suse rundt med, men det er ikkje det same det altså………..

Og i alt styret ute får ein alltids tatt nåkre bilder 🙂

 

 

 

 

 

Og alltid ei som spring rundt og hjelper til med greiner og grasstrå……..ivrig 🙂

 

Plommene vokser seg til
og i bildet under har dei gule blomstrane på siva eg planta i fjor sprotte ut og vel egentlig på veg til å ha gjort jobben sin i år 🙂
Men du og du så lekre dei er når dei står i blomst.
Og dei formerar seg nok også 🙂
Spanande!

 

Og i bildet under har hylleblomsttreet eg har planta ut i år – slått rot ser det ut til – så det blir også spanande å følge med på 🙂
Sånt likar eg!


Og mens eg prøvde skyve på ein honda grasklippar som hadde mista drivhjuls-vaieren – så løp hunden Leia rundt og trudde ho kunne ordne med nåkre måkar som kosa seg med å erte.

Det var dagen i går – og hagen ser fin ut den for eg fekk vekk det høgaste graset – og i morga kjem det besøk fra Oslo – yngste med kjæreste – og då måtte no plenen sjå ordentlig ut veit du 😀
hehehe

 

 

#grasklippar
#hage
#hundenLeia
#planterihagen
#plommetre
#hylleblomsttre
#fotografering
#fotoglede

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg