kva kan draumane seie deg
når dei kjem tilbake gong på gong
og du veit at noko ikkje kan gjerast om
noko anna KAN gjerast noko med
men vil du
fordi det ein gong skjedde noko som gjer at du vegrar deg
fordi vi menneske er som vi er
seier av og til noko som burde vore usagt
og når det er sagt, så er det vanskeleg å ta det tilbake
og det er vanskeleg å tilgi
kven er du som skal tilgi
men nokon må gjere det
og du har gjort det, men det stoppar der
noko er som det er og anna er som DET er
og draumen kjem og rotar til og rippar opp
kvifor rippar underbevisstheita opp
du verken kan eller vil
eller både kan og vil du
men….
det er ikkje godt for nokon
det rammar så alt for monge
draumen ja
du må smile
av og til er draumen ei lita verkelegheitsflukt i natta
der alt kan skje
og alt er lov
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
9. oktober 2025
#etdiktomdagen #minedikt #tankerblirtilord




Drømmer kan være både gode og vonde. En flukt og en plage 😛 Vi får ikke gjort noe med det som er historie. Sånn er det.. Ha en fin dag Mette <3
Ja det er sånn med den saken – og de ligger der og roter rundt i underbevisstheten vår til tider 😀
Flott dikt
Takk for det
Fine ord <3
Takk for det 🙂